Det er noko spesielt å vandre slik einsam tett ved havet, høyre og sjå båra som kjem rullande, rytmisk og stadig innover mot dei rundslipte steinane i fjøra. Slik har den rulla og slipt steinane i uminneleg lang tid. Ingen hugsar når det heile starta, landskapet gjev fantasien fritt spelerom: Slik har det nok sett ut frå tidenes morgon; øyde, berre himmel og hav.
Tilbake »