Norsk Bibliotekforening er glade for auka utviklingsmidlar til folkebiblioteka. Leiar i Norsk Bibliotekforening Mariann Schjeide meiner at det er eit klart signal til kommunane om å følgje opp i sine budsjett.
- Desse 20 millionane syner at regjeringa meiner at biblioteket skal styrkjast som samfunnsaktør og kunnskapsformidlar seier Schjeide.
Kulturminister Widvey understreka at biblioteka er dei viktigaste kulturhusa vi har. - Utviklingsmidlane løyser ikkje nedgangen som har vært på folkebibliotek over lang tid, det gjer bere auka løyvingar frå kommunane. Regjeringa ønskjer altså nyskapande og aktive bibliotek, så no gjeld det at dei einskilde kommunane følgjer opp dette.
- Kommunar som Oslo og Bærum har etter sine synleggjerande og innovative bibliotekmeldingar i fjor fått auka budsjettoverføringar i sine kommunar, seier Schjeide. Norsk Bibliotekforening håper fleire kommunar ser biblioteket si unike samfunnsrolle og aukar dei kommunale bevillingane
Digital satsing
Norsk Bibliotekforening peikar også på prøveordninga med e-bokutlån ved folkebibliotek og meiner at regjeringa må sikre ei permanent ordning med e-utlån for bibliotek.
Redaktør -