- Det er kanskje frå Island forteljaren i meg kjem frå.

05.08.2024
- Det er kanskje frå Island forteljaren i meg kjem frå.
Ragnhild Ásmundsdottir Klepsvik
Ragnhild Ásmundsdottir Klepsvik

Ragnhild Ásmundsdottir Klepsvik trur ho kan ha undra seg over alt som er å undre seg over.

Sjølv om ho er fødd i Sandnes, er ho berre delvis oppvaksen der. Ragnhild Ásmundsdottir Klepsvik (f. 1991) har islandsk far og har difor òg budd der.

- Island er det landet i verda med flest forfattarar per capita, og no er eg halvvegs ein av dei.

Sandnesgauken har skrive så lenge ho kan hugse.

- Når eg har sett tilbake på bøker frå barneskulen, ser eg at eg hadde mange idéar og små forteljingar allereie då.

Med interesse for film, teater og språk, har Klepsvik skrive både manus og forteljingar. No har ho utgjeve si fyrste diktsamling, «Undring», på Lyrikkforlaget.

- Boka som eg no gjev ut, er ei samling av dikt skrivne gjennom mange år. Dei er skrivne i gode og vonde stunder. Det kan nok lett lesast ut i frå dei ulike dikta, kva sinnstemming eg var i då eg skreiv dei. Nokre er lystige og lette, medan andre er tunge og triste. Eg har tenkt over korleis eg har det, kven eg er, kva eg vil og verda omkring meg. Eg har rett og slett undra meg over alt som er å undre seg over.

Dikta handlar om samfunnet, mennesket og sjela, det vonde og det sarte. Forfattaren fortel at boka er svært personleg, men likevel ikkje slik at andre ikkje kan kjenne seg att i tekstane:

- Særleg om ein går eller har gått gjennom tunge periodar, vil ein finne mykje ein kan kjenne seg att i. Mange av dikta kan gjerne treffe unge menneske som går gjennom tunge og vanskeleg tider. Eg var sjølv ungdom då nokre av desse vart skrivne.

Med seg har ho eit godt skotsmål frå den erfarne lyrikaren Gunnar Roalkvam:

"Ragnhild Ásmundsdottir Klepsvik kjem med ei samling tekstar med undring over ei verd
som slit. Men ho vil ikkje miste motet, men halde fast på et håp om noko betre."

Klepsvik er driftig og skriv stadig. Ho utelukkar ikkje at det kan bli fleire utgivingar.

- Eg er ei slik som alltid har mange prosjekt på gong, men hovudprosjektet mitt no er ei fantasibok retta mot unge vaksne. Eg jobbar ikkje målretta mot ei ny diktbok, men skriv litt no og då, og kjem kanskje med noko når eg har skrive nok.

For meir informasjon om diktboka hennar, «Undring», sjå https://www.lyrikkforlaget.no/no/shop/undring-2396.

Redaktør -

Nyheter

Å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar

Å gje slepp på ein gard etter femten gen...

«I femten generasjonar før meg har mine ...

900 år med stavangerhistorie

900 år med stavangerhistorie

Museene i Stavanger slår til med jubileumsutstilling ...

Bringsværd får St.Olavs Orden

Bringsværd får St.Olavs Orden

Hans Majestet Kongen har utnevnt forfatter ...

Frå træl til fridom: Ny bok av Per Jan Ingebrigtsen

Frå træl til fridom: Ny bok av Per Jan I...

Per Jan Ingebrigtsen er ein mangfaldig kulturarbeidar ...

Amalie Skram-prisen 2024 til Olaug Nilssen

Amalie Skram-prisen 2024 til Olaug Nilss...

Amalie Skram-prisen 2024 går til til ...

Teater og revy

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» inntar Nationaltheatret

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» ...

Våren 2025 kan det norske publikummet ...

Rørende, morsomt og filosofisk på samme tid

Rørende, morsomt og filosofisk på samme ...

Benedicte Izabell Ekeland bergtok og begeistret ...

Myrkdalen møter hausten med latter

Myrkdalen møter hausten med latter

Siste helga i september kan du få trimma ...

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsen, Garborg og Grieg får en real ...

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...