– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak

27.08.2024
– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak
Aleksander Brun
Aleksander Brun

Ny bok frå Aleksander Brun: «Under Huda» skremmer seg inn i lesaren sitt sinn.

Aleksander Brun, ein IT-konsulent busett i Bergen, debuterer no med si fyrste bok, «Under Huda». Brun, som opphaveleg er frå Jostedal i Sogn, har dei siste ti åra budd i Bergen, der han har fått moglegheit til å fordjupe seg i sin store lidenskap: historieforteljing. Med bakgrunn frå filmstudiar og ein djuptgåande interesse for skrekk og fantasy, har Brun no funne eit medium som passar perfekt for hans forteljarglede – novellesamlinga.

Brun si interesse for skrekksjangeren går langt tilbake. Som ung drøymde han om å lage filmar, men det var ikkje før han byrja å skrive, at han verkeleg fann sin stemme.

– Eg har alltid vore interessert i historieforteljing, seier Brun.

– Sjølv om filmskapinga forblei ein hobby, kjente eg på eit behov for å dele forteljingar. Skriving blei raskt min nye lidenskap.

Inspirasjonen til «Under Huda» kom frå ein uvanleg og kvardagsleg situasjon, medan Brun jobba som barnehageassistent.

– Eg skulle legge eit born ned i sprinkelsenga for å sove, og la merke til min eigen skugge på veggen. Det inspirerte meg til å skrive «Dansarinna», forklarar Brun.

– Slik har mange av novellene i boka blitt til – ein kvardagsleg situasjon som eg spinn vidare til noko uhyggeleg. Når det normale blir unormalt, og det trygge blir utrygt, det er då det blir skummelt.

«Under Huda» er ei samling av åtte noveller som utforskar skrekken som lurer under overflata. Her møter vi overnaturlege skapnadar og krefter, samt menneskelege mørker, som på ulike vis manipulerer, lurar og jaktar på mennesket. Målet til Brun er ikkje berre å skremme lesaren, men å trenge seg inn under huda på dei.

Boka rettar seg mot lesarar som pris på nervepirrande og intense forteljingar, spesielt dei som har ein forkjærleik for skrekk og fantasy.

Brun har allereie fleire prosjekt på gang.

– Å skrive skrekk har gjeve meirsmak, innrømmer han.

– Eg arbeidar med ein roman og har fleire idéar på lager. Det er mykje som må utforskast innan denne sjangeren, så ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det kjem meir frå mi hand i framtida.

Med «Under Huda» lovar Aleksander Brun å gi lesarane ei oppleving som både skremmer og fenger. Boka er no tilgjengeleg for alle som tør å opne den og sleppe mørket inn.

 

For meir informasjon om "Under huda", sjå forlagets nettsider:
https://www.forlagshusetpublica.no/no/shop/under-huda-2436

Redaktør -

Nyheter

Å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar

Å gje slepp på ein gard etter femten gen...

«I femten generasjonar før meg har mine ...

900 år med stavangerhistorie

900 år med stavangerhistorie

Museene i Stavanger slår til med jubileumsutstilling ...

Bringsværd får St.Olavs Orden

Bringsværd får St.Olavs Orden

Hans Majestet Kongen har utnevnt forfatter ...

Frå træl til fridom: Ny bok av Per Jan Ingebrigtsen

Frå træl til fridom: Ny bok av Per Jan I...

Per Jan Ingebrigtsen er ein mangfaldig kulturarbeidar ...

Amalie Skram-prisen 2024 til Olaug Nilssen

Amalie Skram-prisen 2024 til Olaug Nilss...

Amalie Skram-prisen 2024 går til til ...

Teater og revy

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» inntar Nationaltheatret

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» ...

Våren 2025 kan det norske publikummet ...

Rørende, morsomt og filosofisk på samme tid

Rørende, morsomt og filosofisk på samme ...

Benedicte Izabell Ekeland bergtok og begeistret ...

Myrkdalen møter hausten med latter

Myrkdalen møter hausten med latter

Siste helga i september kan du få trimma ...

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsen, Garborg og Grieg får en real ...

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...