Dei merkelege robotane

24.05.2013
Dei merkelege robotane
Mona Fossdal

Mona Fossdal (f. 1970) har tydelegvis stor glede av å halde på med eigne bokprosjekt i tillegg til jobben som lektor. "Robotar er ikkje som deg og meg" er hennar fjerde bokutgjeving på kort tid. I boka les vi mellom anna at robotar ikkje blir triste og leie seg, og at dei ikkje blir forelska, men andletsuttrykka deira tyder på det motsette.

- Eg fekk ideen til å skrive om robotar medan eg arbeidde med eit tidlegare bokprosjekt: "Bokstavene fra A til Å". Til å illustrere bokstaven «R» i denne boka nytta eg ein robot som motiv, og då fekk eg plutseleg ideen om å lage ei heil bok om robotar, seier Fossdal.

Ho håpar boka kan vere underhaldande for dei aller minste, og kanskje òg at den kan skape litt undring. Kanskje ein vil sitte igjen med ein tanke om at andre menneske, dyr – og kvifor ikkje robotar - ikkje er så veldig ulike ein sjølv når alt kjem til alt?

- Det einaste fellestrekket mellom denne boka og dei tre tidlegare bøkene eg har gjeve ut, er at dette òg er ei biletbok mynta på born. Elles skil denne boka seg ut både når det gjeld tekst, innhald, stil og illustrasjonar. Bøkene "Bokstavene fra A til Å" og "Klokkeboken" er meir faktabøker der born skal lære seg noko (alfabetet og klokka), og målgruppa for boka "Gekkoen Arne og den prikkete paraplyen" er for litt større born enn dei som robotboka er meint å skulle nå ut til. Sidan tekstane er svært enkle og korte, ville eg ha eit enkelt og minimalistisk illustrasjonsuttrykk som kunne passe godt saman med tekstane. Eg har difor lagt vekt på å bruke enkle former og flater i figurane i staden for detaljar, volum, perspektiv og lys/skuggeverknader. Eg har prøvd å få fram robotane sine ulike humør ved til dømes å variere andletsuttrykka deira. Eg har òg laga eit kretskortliknande mønster i bakgrunnane, og tekstrammer inspirert av formene til skruar og mutrar, for å forsterke assosiasjonane til mekanikk, utgreiar Fossdal.

Ho såg føre seg stilen og illustrasjonane til boka før ho starta å skrive teksten. Men sjølve utføringa av illustrasjonane starta ho først med då teksten var ferdig skriven. Målet hennar er meir å underhalde og skape undring enn å lage ei faktabok om robotar.

Men er ho no heilt sikker på at robotar ikkje er som deg og meg? Nokre vil kanskje hevde at menneske, små som store, vert manipulert eller programmert til å opptre på ein heilt bestemt måte. Det skjer òg at menneske ikkje viser så mykje medkjensle som dei burde.

- Då eg var liten, såg eg føre meg at i år 2000 ville robotar vere rundt oss overalt og nesten fungere som vanlege menneske i samfunnet. Men eg trudde òg vi hadde slutta å ete vanleg mat, gjekk kledd i aluminiumsklede, budde i skyskraparar som likna gigantiske reagensrøyr og at alle hadde flygande, private køyrety. Slik sett har ikkje utviklinga gått fullt så fort som eg hadde forventa, men ein ser jo at robotar i dag vert nytta i industrien, til underhaldning – og at ein til og med kan kjøpe «robotstøvsugarar» til å halde det reint i heimen. Berre framtida vil vise korleis utviklinga blir når det gjeld robotar, avsluttar Fossdal.

Born og vaksne vert difor utfordra til å sleppe fantasien laus og gje robotane dei kjenslene dei så inderleg treng for å bli som oss menneske – dersom det er det vi ynskjer oss.

Christian W. Holst

Stikkord i denne artikkelen
Mona Fossdal,

Nyheter

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Elise Fotland er en søkende, sensitiv ...

Å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar

Å gje slepp på ein gard etter femten gen...

«I femten generasjonar før meg har mine ...

900 år med stavangerhistorie

900 år med stavangerhistorie

Museene i Stavanger slår til med jubileumsutstilling ...

Bringsværd får St.Olavs Orden

Bringsværd får St.Olavs Orden

Hans Majestet Kongen har utnevnt forfatter ...

Teater og revy

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» inntar Nationaltheatret

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» ...

Våren 2025 kan det norske publikummet ...

Rørende, morsomt og filosofisk på samme tid

Rørende, morsomt og filosofisk på samme ...

Benedicte Izabell Ekeland bergtok og begeistret ...

Myrkdalen møter hausten med latter

Myrkdalen møter hausten med latter

Siste helga i september kan du få trimma ...

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsen, Garborg og Grieg får en real ...

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...