Møtte veggen, vil hjelpa andre

20.01.2023
Møtte veggen, vil hjelpa andre
Lyrikkforlaget
Linn Therese Solheim

Linn Therese Solheim møtte veggen. – Eg brann for jobben eg hadde i barnevernet. Så mykje at eg vart utbrent! No brenn eg for å hjelpe andre ut av utbrentheit, fortel Solheim.

Ho brukar sine personlege erfaringar til å hjelpe andre.

– Det gjer eg gjennom coachingsamtalar og nettkurs, via Instagram-kontoen min @linnyslivsstil og forhåpentlegvis også ved utgjevinga av lyrikkboka «Utbrent». Eg har gjennom dette skapt meg min eigen jobb og gjer no dette på fulltid. Det gir meg ei sterk engasjemangslukke – utan å tappe meg.

 

Linn Therese Solheim får balanse i livet av å kjenne på velbehagslukke. Ho elskar å vere heime! Å ta vare på seg sjølv, på familien og huset deira.

– Eg har oppdaga at eg føretrekkjer eit roleg liv, med tid til å sjå på trea som dansar i vinden utanfor vindauget. Med tid til å kose med katten x antal gonger i løpet av dagen. Med tid til å la dei lange tankerekkjene som ligg bakerst i hovudet få kome fram, som eg så skriv ned når orda pressar på og vil ut. Ein del av dei held eg for meg sjølv, medan nokre blir til dikt og tekstar som eg delar.

 

Alle kan bidra til ei betre verd – og det finnast uttallige måtar å gjer det på.

– Det gjeld å finne den måten som er riktig for ein sjølv! seier Solheim. – Mitt bidrag til ei betre verd, er orda mine, gjennom det eg skriv og det eg seier. Før turte eg ikkje å uttrykkje meg så fritt, opent, autentisk og ekte som eg gjer no – i frykt for konsekvensar og andre sine meiningar. Det er så utruleg deilig å endeleg føle meg fri og så trygg i meg sjølv at eg kan gjer det! Det har gitt meg ei enorm livsglede å vere meg sjølv fullt ut og å leve i tråd med det som er riktig for meg. Ei livsglede som eg ikkje trudde var mogleg for meg å få!

 

I boka «Utbrent» skriv ho om korleis veggen sakte, men sikkert kom mot ho, både i jobb og fritid. Tidlegare var Solheim sitt bidrag til ei betre verd, det å jobbe i barnevernet. Det var på mange måtar ein stor kontrast til det livet ho no lev, då det ofte var ekstremt hektiske dagar.

– I periodar budde eg nærast på kontoret og var heimom «på besøk». Men eg elska jobben! Eg fekk brukt meg sjølv og den eg er til å hjelpe mange av dei menneska eg møtte. Men det tok over heile livet mitt, og gradvis så følte eg at det ikkje var noko att av meg. Eg drukna til slutt i mørke tankar, samt at kroppen min hadde reaksjonar som eg ikkje klarte å handtere. Etter eitt års sjukemelding sa eg opp jobben. Det føltes som ei kjærleikssorg, men eg hadde bestemt meg for å velje meg sjølv, mi eiga helse og eiga lukke, fortel bokdebutanten.

 

Solheim vil ha meir fokus på fenomenet utbrentheit.

– Eg meiner at vi i dagens samfunn treng ei større forståing for utbrentheit. For kva det å vere utslitt og stressa over tid faktisk kan gjere med ein! Ansvaret er todelt, for det er mykje som kan gjerast både av arbeidsgjevarar og av kvar einskild person. Eg har tidlegare vore ute i media og peika på arbeidssituasjonen i barnevernet, men i det daglege og som coach så har eg fokuset mitt retta mot kva ein sjølv kan gjer annleis. Det går an å ha fleire tankar i hovudet samstundes! For å løyse ei utfordring så bør det gjerast noko på fleire nivå, sier ho.

 

Dikta som boka «Utbrent» består av, er ei skildring av hennar eigne tidlegare tankar og følelsar. Dei fleste dikta vart skreve ned som notat på mobilen i tunge stunder.

– For meg var det ein god og hensiktsmessig måte å handtere det vanskelege på. Eg var ein hjelpar som sjølv vart hjelpeslaus, og måtte gå over til å heller hjelpe meg sjølv. Eg byrja å slite med angst og depressive tankar, som ei reaksjon på at eg hadde vore svært stressa og utslitt over lengre tid. Etter kvart fekk eg idéen om at notata på mobilen kanskje kunne bli til ei lyrikkbok ein gong i framtida. Det er likevel ganske surrealistisk at mobilnotata mine no finnast i fysisk form, fritt fram for alle å lese!

 

Boka omhandlar svært dagsaktuelle tema; utbrentheit, barnevern og psykisk helse. Den vil truleg vere interessant for alle som har interesse for minst eitt av nevnte tema.

– Det er mange som takkar meg for at eg fokus på så underkommuniserte og viktige tema. Det er sårbart å skulle gi ut ei så personleg bok, men det kjennast riktig å gjer det og eg er no sterk nok. Tankane og følelsane eg hadde då eg var utbrent, er ikkje tankar og følelsar eg lenger har, så det følast jo litt rart at andre no på sett og vis skal lese «mi dagbok» frå fortida. Men kanskje kan det gi motivasjon til dei som treng det, at dei som no lev i mørkret kan få ei ny eller styrka tru på at det er mogleg å kome seg ut i lyset. Med tid og stund! Boka kan også gi pårørande og andre ei større forståing for den utbrente. Den gir eit klart og tydeleg bilete av korleis det kan vere; å vere nettopp utbrent.

 

Redaktør -

Nyheter

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende dikt

Anne Fossen debuterer med mørke og tankevekkende ...

Anne Fossen, en 52 år gammel musiker, ...

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Å finne sin egen stemme gjennom dikt

Elise Fotland er en søkende, sensitiv ...

Å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar

Å gje slepp på ein gard etter femten gen...

«I femten generasjonar før meg har mine ...

900 år med stavangerhistorie

900 år med stavangerhistorie

Museene i Stavanger slår til med jubileumsutstilling ...

Bringsværd får St.Olavs Orden

Bringsværd får St.Olavs Orden

Hans Majestet Kongen har utnevnt forfatter ...

Teater og revy

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» inntar Nationaltheatret

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» ...

Våren 2025 kan det norske publikummet ...

Rørende, morsomt og filosofisk på samme tid

Rørende, morsomt og filosofisk på samme ...

Benedicte Izabell Ekeland bergtok og begeistret ...

Myrkdalen møter hausten med latter

Myrkdalen møter hausten med latter

Siste helga i september kan du få trimma ...

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsen, Garborg og Grieg får en real ...

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...