Myrkdalen møter hausten med latter

07.07.2024
Myrkdalen møter hausten med latter
Sverre F. Hjørnevik
Myrkdalen inviterer til Fjellatter.

Siste helga i september kan du få trimma lattermusklane dine i Myrkdalen. Då går første utgåve av Fjellatter av stabelen ved Myrkdalen Hotel, med mange velkjente stand-up komikarar på programmet.

I Norway’s best jobbar vi stadig med å utvikle nye konsept for gjestene våre, og særleg det å skape større attraktivitet utanom høgsesong. Myrkdalen har over tid etablert fleire årlege arrangement. Med Fjellatter ynskjer vi å treffe nye målgrupper på ei tid på året då det tradisjonelt er litt rolegare, seier Bent-Cato Danielsen, driftsdirektør i Norway’s best AS.

Norway’s best kan by publikum på eit omfattande utval av komikarar under historias første Fjellatter. På programmet finn ein fleire prisvinnande artistar, og namn som Christoffer Schjelderup, Dag Sørås, Trine Lise Olsen, Sandra Spjelkavik, Jonas Rønning og Jonna Støme.

- Vi meiner å ha sett saman eit program med høg kvalitet. Vi har også lagt stor vekt på at det skal vere noko for ein kvar smak, derfor køyrer vi to hovudforestillingar både fredag og laurdag. I tillegg blir det late show med lokale stand-up artistar. Med Fjellatter ynskjer vi å rette oss mot fleire marknader og målgrupper. Vi håpar derfor at både hyttegjester, regionale og nasjonale gjester vil finne vegen til Myrkdalen siste helga i september, seier Danielsen.

Det er sjølvsagt latteren som vil stå i høgsetet denne helga, men arrangøren byr også på gode matopplevingar og aktivitetar utandørs for både store og små.

- Målet er å etablere Fjellatter som eit årleg arrangement. No skal vi først teste ut korleis dette slår an, så vil evalueringa vise oss kva framtida blir. Vi må aldri gløyme å ha det kjekt, det håpar vi Fjellatter vil bidra til, avsluttar Danielsen.

Gert Olsen

Nyheter

Å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar

Å gje slepp på ein gard etter femten gen...

«I femten generasjonar før meg har mine ...

900 år med stavangerhistorie

900 år med stavangerhistorie

Museene i Stavanger slår til med jubileumsutstilling ...

Bringsværd får St.Olavs Orden

Bringsværd får St.Olavs Orden

Hans Majestet Kongen har utnevnt forfatter ...

Frå træl til fridom: Ny bok av Per Jan Ingebrigtsen

Frå træl til fridom: Ny bok av Per Jan I...

Per Jan Ingebrigtsen er ein mangfaldig kulturarbeidar ...

Amalie Skram-prisen 2024 til Olaug Nilssen

Amalie Skram-prisen 2024 til Olaug Nilss...

Amalie Skram-prisen 2024 går til til ...

Teater og revy

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» inntar Nationaltheatret

«Århundrets viktigste amerikanske teaterstykke» ...

Våren 2025 kan det norske publikummet ...

Rørende, morsomt og filosofisk på samme tid

Rørende, morsomt og filosofisk på samme ...

Benedicte Izabell Ekeland bergtok og begeistret ...

Myrkdalen møter hausten med latter

Myrkdalen møter hausten med latter

Siste helga i september kan du få trimma ...

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsenhøst på Nationaltheatret

Ibsen, Garborg og Grieg får en real ...

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue for edel kunst

Nationaltheatret – Oslos og Norges storstue ...

Nationaltheatret i Oslo sentrum, mellom Nationaltheatret ...